8898
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8898
Svak auke i sal av petroleumsprodukt
statistikk
2007-03-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktfebruar 2007, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak auke i sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt i februar var på 747 millionar liter, opp 1,6 prosent samanlikna med februar i 2006. Størst prosentvis auke finn ein for salet av autodiesel og lette fyringsoljer.

Samanlikna med februar i fjor har salet av autodiesel auka med 10,9 prosent, og salet har nå nådd 223 millionar liter i månaden. Medan auken i salet av autodiesel held fram, vert salet av bilbensin framleis redusert. Salet av bensin gjekk ned med 5,5 prosent samanlikna med same månad i fjor. Salet av bilbensin og autodiesel utgjer om lag halvparten av det totale salet av petroleumsprodukt.

Andre produkt

Det var i februar ein auke i salet av både fyringsparafin og lett fyringsolje samanlikna med same månad i fjor. Lett fyringsolje auka mest, med 10,4 prosent, medan fyringsparafin auka med 4,3 prosent. Det totale salet av desse to produkta utgjorde 81 millionar liter.

Til saman 129 millionar liter marine gassoljer vart selde i februar i år, dette utgjer 17 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Jamført med februar i fjor, gjekk salet ned med 7,2 prosent.

Produktet med minst endring frå i fjor til i år er salet av jetdrivstoff. Det var ein liten nedgang med 2,2 prosent samanlikna med i fjor, og det totale salet var på 63 millionar liter.

Det var 20 utkøyringsdagar i februar i år, det same som i 2006.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB