8900
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8900
Auka sal av autodiesel
statistikk
2007-02-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktjanuar 2007, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av autodiesel

Det samla salet av petroleumsprodukt i januar 2007 var på 779 millionar liter, ein auke på 2,4 prosent samanlikna med den same perioden i 2006. Auken var størst i salet av autodiesel - 12,6 prosent.

Auken i salet av autodiesel held dermed fram. Til saman vart det seld 228 millionar liter i januar i år. Det er 25 millionar fleire liter enn i den same perioden i 2006. Salet av autodiesel utgjer om lag 29 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Det totale salet av bilbensin i januar 2007 var på 153 millionar liter, ein liten reduksjon på 1,5 prosent, eller 2 millionar liter.

Andre produkt

Salet av fyringsparafin og lett fyringsolje vart redusert med høvesvis 20 og 4,9 prosent, samanlikna med den same månaden i fjor. I januar 2006 var det samla salet av dei to produkta 78 millionar liter, mens talet for januar 2007 er på 72 millionar liter.

Det vart selt 144 millionar liter marine gassoljer, ein reduksjon på 2,1 prosent, eller 3 millionar liter i den same perioden.

I januar auka salet av jetdrivstoff med 8 prosent, og det totale salet vart på 71 millionar liter.

Det var 22 utkøyringsdagar i januar i år, i 2006 var det 21.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB