8902_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8902
Høgt sal av petroleumsprodukt i 2006
statistikk
2007-01-17T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffdesember 2006, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Høgt sal av petroleumsprodukt i 2006

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 9,7 milliardar liter i 2006, ein auke på 3,9 prosent, eller nærmare 400 millionar liter, samanlikna med 2005.

Totalsal av petroleumsprodukt. 1976-2006. Millionar liter

Sal av dei ulike petroleumsprodukta. 1976-2006. Millionar liter

Den største veksten blant dei enkelte produkta finn vi i salet av autodiesel. I 2006 vart det selt 2,7 milliardar liter, og dette er ein auke på 218 millionar liter, eller 9 prosent, samanlikna med 2005. For same periode vart salet av bilbensin redusert med 3,9 prosent, eller 82 millionar liter, og det vart selt 2,1 milliardar bilbensin i 2006. Dermed følgjes trenden frå dei siste åra med at salet av autodiesel held fram med å auke, mens bensinsalet minkar noko. I 2004 passerte salet av autodiesel salet av bensin i Noreg. Dette må sjåast i samanheng med utviklinga i bilparken. Tal frå SSB sin person- og varebilstatistikk viser at det har vore ei større stigning i registrerte kjøretøy med dieselmotor, enn det har vore i kjøretøy med bensinmotor dei siste åra. Salet av bilbensin og autodiesel stod til saman for 48,5 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i 2006.

Andre produkt

Trass i at 2006 har vore eit varmt år, har salet av lette fyringsoljer auka med 9 prosent, eller 47 millionar liter, samanlikna med 2005. Det samla salet i år var på 571 millionar liter. Årsaka til auken kan sjåast i samanheng med høge elektrisitetsprisar. Salet av fyringsparafin var det same i 2006 som i 2005 då det vart selt til saman 130 millionar liter.

Den største prosentvise veksten var i salet av jetdrivstoff. Det samla salet i 2006 var på 893 millionar liter, 80 millionar liter eller 9,8 prosent meir enn i 2005. Tal frå Avinor syner ein auke på 4,2 prosent på talet flyavgangar for same periode. For marine gassoljer var det ein liten reduksjon i salet i 2006 samanlikna med 2005 på 0,5 prosent, eller 10 millionar liter.

Utviklinga dei siste 30 åra

Utviklinga av det totale salet av petroleumsprodukt dei siste 30 åra, viser at vi låg på om lag same nivå på totalsalet på slutten av 70-talet som i dag. Utover på 80-talet og første halvdel av 90-talet sank nivået til mellom 7,8 og 8,7 milliardar selte liter i året. Frå 1996 og fram til i dag har salet halde seg over 9 milliardar liter kvart år. Ser ein på dei ulike petroleumsprodukta kvar for seg, ser ein større variasjon i utviklinga.

Drivstoff

Salet av autodiesel dei 30 siste åra viser ein jamn auke. I 1976 stod salet av autodiesel for 7,8 prosent av det totale salet. Gjennom 80- og 90-talet steig salet, og i 2004 blei det for første gang omsett meir autodiesel enn bilbensin. I dag (2006) står autodiesel aleine for 27,3 prosent av den totale petroleumsomsetjinga. Salet av bilbensin steig kvart år frå 1976 fram til og med 1990. På 90-talet var det selt mellom 2,1 og 2,3 milliardar liter årleg, mens etter 2001 har salet blitt redusert for kvart år.

Salet av fyringsprodukt har endra seg mye i løpet av dei siste 30 åra. I 1976 stod salet av fyringsoljer for 17,5 prosent av det totale salet, i dag står fyringsoljer for 5,9 prosent. Tilsvarande har salet av fyringsparafin gått frå 5,3 prosent til 1,3 prosent av totalen. I dag blir 1,5 milliardar færre liter fyringsprodukt selt i året enn for 30 år sidan. Salet av jetdrivstoff har hatt ein jamn vekst dei siste 30 åra, dette må sjåast i samanheng med den auka aktiviteten i lufttrafikken. I dag utgjer salet av marine gassoljer 18,7 prosent av totalsalet, dette er ikkje heilt ulikt talet i 1976 som var på 15 prosent. Salet steig jamt på 80-talet og det meste av 90-talet, mens etter årtusenskiftet har salet minka.

Desember 2006

I desember 2006 vart det samla salet av petroleumsprodukt på 728 millionar liter, ein reduksjon på 6,2 prosent samanlikna med desember i 2005. Nesten alle produkta hadde ein reduksjon i salet. Unntaket er autodiesel der salet var det same som i desember 2005, og tung fyringsolje der det ble selt 10 millionar fleire liter i desember 2006. Mye av denne årsaka kan liggje i at det i desember 2005 var 21 utkjøringsdagar, mens i 2006 var det bare 19 dagar.

Tabeller: