8904
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8904
Auka sal av fyringsprodukt
statistikk
2006-12-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktnovember 2006, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av fyringsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 831 millionar liter i november 2006, ein auke på 6,2 prosent, eller 48 millionar liter, samanlikna med den same månaden i 2005. Størst var auken i salet av fyringsprodukt.

Til tross for ein rekordvarm haust har salet av fyringsprodukt auka. Denne auken kan sjåast i samanheng med høge elektrisitetsprisar. Salet av lette fyringsoljer auka med heile 35,7 prosent i november i år samanlikna med den same perioden i 2005. I november vart det selt 63 millionar liter, 17 millionar meir enn i november i fjor. I den same perioden steig også salet av fyringsparafin med 26,1 prosent, frå 9 til 11 millionar selte liter. Lette fyringsoljer og fyringsparafin stod for nesten 10 prosent av det samla salet av petroleumsprodukt i november i år.

Opp for autodiesel - ned for bilbensin

Dei to siste åra har salet av autodiesel auka medan salet av bilbensin har hatt ein reduksjon. Denne utviklinga heldt fram i november, då det vart selt 84 millionar liter meir autodiesel enn bilbensin. Salet av autodiesel auka med 8,4 prosent, eller 19 millionar liter, i november samanlikna med den same perioden i 2005. Salet av bilbensin vart redusert med 2,4 prosent eller 4 millionar liter. I november i år vart det selt til saman 242 millionar liter autodiesel og 158 millionar liter bilbensin. Autodiesel stod for 29 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt, og bilbensin stod for 19 prosent av salet.

Redusert sal av jetdrivstoff

For første gong på sju månadar vart salet av jetdrivstoff redusert. I november 2005 vart det selt 78 millionar liter jetdrivstoff, og i november i år var salet på 72 millionar liter, ein reduksjon på 7,8 prosent.

I november vart det selt 149 millionar liter marine gassoljer. Dette er 2,3 prosent, eller 3 millionar liter, meir enn i november i fjor.

Talet på utkøyringsdagar i november i år var 22, det same som i 2005.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB