8906_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8906
Auka sal av petroleumsprodukt
statistikk
2006-11-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffoktober 2006, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 870 millionar liter i oktober 2006, ein auke på 8,6 prosent eller 68 millionar liter, samanlikna med same månad i 2005.

Dei fleste petroleumsprodukta auka salet i oktober 2006 samanlikna med oktober 2005. Eit unntak er salet av bilbensin som vart redusert med 1,4 prosent til 171 millionar liter. Salet av autodiesel steig med 17,4 prosent for same periode, frå 212 til 249 millionar liter. Salet av bilbensin og autodiesel utgjer til saman 48,3 prosent av det totale petroleumssalet.

Fyringsprodukt

Til saman 62 millionar liter med fyringsprodukt vart selde i oktober i år. Salet av lette fyringsoljer voks med heile 26,5 prosent til 50 millionar liter i den same perioden. Det vart derimot selt same volum fyringsparafin i oktober i år som i oktober i 2005.

Salet av jetdrivstoff held fram med å auke i oktober. 78 millionar liter vart omsette i oktober i år, ein vekst på 10 millionar liter eller 14,8 prosent, samanlikna med oktober 2005.

Marine gassoljer utgjer om lag 20,4 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. I oktober 2006 vart det selt 165 millionar liter marine gassoljer, det same som i oktober året før.

Talet på utkøyringsdagar i oktober i år var 22, det same som i 2005.

Tabeller: