8908_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8908
Auka sal av petroleumsprodukt
statistikk
2006-10-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffseptember 2006, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 7,3 milliardar liter i dei ni første månadene av 2006, ein auke på 4,1 prosent eller 300 millionar liter samanlikna med same periode i 2005.

Dei fleste petroleumsprodukta har auka salet i dei tre første kvartala i 2006 samanlikna med same periode i 2005. Eit unntak er salet av bilbensin, som hadde ein reduksjon i salet på 3,7 prosent. I same periode auka autodiesel salet med 9,1 prosent. Det vart selt 1,6 milliardar liter bilbensin og 1,9 milliardar liter autodiesel dei ni første månadane i 2006. Salet av desse to utgjer til saman 48,4 prosent av det totale petroleumssalet.

Meir til fyring

Salet av fyringsparafin og fyringsoljer auka i dei tre første kvartala i 2006 med 3,3 og 8,7 prosent.

Samla vart det selt 507 millionar liter av fyringsprodukt for denne perioden. Høge straumprisar kan være ein av årsakene til at salet av fyringsprodukt har auka. Kostnadene i 2006 med å nytte straum til oppvarming har vore høgare enn å nytte fyringsolje og fyringsparafin.

Sal av petroleumsprodukt januar-september 1995-2006. Millionar liter

Auka sal av jetdrivstoff

Jetdrivstoff hadde størst prosentvis auke i salet for dei tre første kvartala i 2006 samanlikna med same periode i 2005, med ein auke på 14,1 prosent. Det totale salet var her på 679 millionar liter. Tal frå Avinor syner ein auke i både talet på flyavgangar og talet på passasjerar med respektive 3,9 og 11,3 prosent for same periode.

Marine gassoljer utgjer om lag 18,9 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Dei ni første månadene i 2005 og 2006 vart det selt same volum av produktet, 1,4 milliardar liter.

Auka sal i september

I september 2006 vart det selt 834 millionar liter petroleumsprodukt. Dette er ein auke på 3,3 prosent eller 27 millionar liter samanlika med september 2005, da salet var på 807 millionar liter. Størst er auken i salet av jetdrivstoff med 13,5 prosent.

Salet av autodiesel i september var 225 millionar liter, ein liten auke på 1,2 prosent samanlikna med september 2005. Salet av bilbensin var på 169 millionar liter, ein reduksjon på 6,4 prosent. Til saman stod dei to produkta for 47,2 prosent av det totale salet av petroleumsprodukta.

Marine gassoljer hadde ein auke i salet på 5,6 prosent, frå 147 millionar liter som vart selte i september 2005 til 155 millionar liter som vart selte i september i år. September 2006 syner ein reduksjon i salet av fyringsprodukt samanlikna med september 2005 - salet av fyringsparafin vart redusert med 13,6 prosent, medan salet av lette fyringsoljer vart redusert med 8,3 prosent.

Det var 21 utkøyringsdagar i september i år, det same som i 2006.

Tabeller: