8910
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8910
Framleis auka sal av diesel
statistikk
2006-09-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktaugust 2006, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis auka sal av diesel

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 878 millionar liter i august 2006, volumet er det same som for august 2005. Auken i salet av autodiesel held fram, det vart selt 8,2 prosent meir i august 2006 samanlikna med same periode i 2005.

Til tross for at det samla salet av petroleumsprodukt er nesten identisk i august 2005 og 2006, er det store skilnader i salet av dei ulike petroleumsprodukta. Gjennom heile 2006 har salet av bilbensin vorte redusert, medan salet av autodiesel har auka. I august heldt reduksjonen i salet av bilbensin fram, da det vart selt 193 millionar liter, ein reduksjon på 3,5 prosent samanlikna med august i fjor. Salet av autodiesel auka i same periode med 8,2 prosent, frå 223 millionar liter til 241 millionar liter. Salet av bilbensin og autodiesel står for til saman 49,4 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i august 2006.

Meir til fyring

Salet av fyringsparafin hadde ein auke på 22,3 prosent og lette fyringsoljer ein auke på 12,8 prosent i august 2006 samanlikna med same periode i 2005. Til saman vart det selt 50 millionar liter lette fyringsprodukt i august i år.

Marine gassoljer utgjer om lag 18 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt med 157 millionar selde liter i august 2006. Salet vart redusert med 3,7 prosent samanlikna med same periode i 2005.

I august i år vart det selt 90 millionar liter jetdrivstoff, dette er ein auke på 11,1 prosent eller 9 millionar liter samanlikna med same periode i 2005.

Det var 23 utkøyringsdagar i august i år, det same som i 2005.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB