8912_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8912
Auka sal av petroleumsprodukt
statistikk
2006-08-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffjuli 2006, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 803 millionar liter i juli 2006, ein auke på 6,6 prosent eller 50 millionar liter samanlikna med juli 2005.

I juli i år vart det selt 88 millionar liter jetdrivstoff, dette er ein auke på heile 31,6 prosent eller 21 millionar liter samanlikna med same periode i 2005. Tal frå Avinor viser ein auke i den samla flytrafikken på 16,1 prosent for same periode.

Autodiesel og bilbensin

Gjennom heile 2006 har salet av bilbensin vorte redusert, medan salet av autodiesel har auka. I juli heldt reduksjonen i salet av bilbensin fram, da det vart selt 197 millionar liter, ein reduksjon på 3,2 prosent samanlikna med juli i fjor. Salet av autodiesel auka i same periode med 8,1 prosent, frå 191 millionar liter til 206 millionar liter. Salet av bilbensin og autodiesel står for til saman 50,2 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i juli 2006.

Andre produkt

Salet av lette fyringsoljer hadde ein auke på 2,9 prosent i juli 2006 samanlikna med juli i 2005. Salet av fyringsparafin gjekk ned med 10,2 prosent i same periode. Samla var det selt 25 millionar liter fyringsolje i juli 2006.

Marine gassoljer utgjer om lag 18 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt med 145 millionar selde liter i juli 2006. Salet vart redusert med 6,5 prosent samanlikna med same periode i 2005.

Det var 21 utkøyringsdagar i juli i år, det same som i 2005.

Tabeller: