8914_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8914
Auka sal av autodiesel
statistikk
2006-07-17T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffjuni 2006, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av autodiesel

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 4,6 milliardar liter i første halvår av 2006, ein svak auke på 1,2 prosent eller 53 millionar liter samanlikna med same periode i 2005.

Medan det totale salet av petroleumsprodukt har auka lite, er det etter måten store endringar i salet av dei ulike petroleumsprodukta. I midten av 2004 vart det for første gong selt meir autodiesel enn bilbensin i Noreg, og dei to siste åra har denne utviklinga halde fram. I første halvår av 2006 var salet av autodiesel på 1,2 milliardar liter, ein auke på 6,7 prosent eller 77 millionar liter samanlikna med første halvår av 2005. For same periode var salet av bensin 973 millionar liter, ein reduksjon på 7 prosent eller 73 millionar liter. Dette kan sjåast i samanheng med person- og varebilstatistikken til SSB som syner at det har vore ein større auke i registrerte kjøretøy med dieselmotor enn det har vore i registrerte kjøretøy med bensinmotor. I første halvdel av 2006 utgjorde salet av autodiesel 26,8 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt, salet av bilbensin står for 21,2 prosent.

Auke i salet av jetdrivstoff

I dei seks første månadene av 2006 vart det selt 421 millionar liter jetdrivstoff, ein auke på 10,1 prosent samanlikna med same periode i 2005. Tal frå Avinor syner ein auke i flytrafikken på 7,5 prosent for innanlands flygingar og ein auke på 15 prosent for utanlands flygingar for denne perioden.

Salet av lette fyringsoljer auka i første halvår av 2006 med 9,2 prosent, medan salet av fyringsparafin synte ein liten reduksjon på 1,8 prosent. Det samla salet av dei to produkta tilsvarar 380 millionar liter. Marine gassoljer utgjer om lag 19,3 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. I første halvår av 2006 vart salet redusert med 20 millionar liter samanlikna med dei seks første månadene i 2005, ein reduksjon på 2,2 prosent.

Sal av petroleumsprodukt. Januar-juni. 1995-2006. Millionar liter

Auka sal i juni

I juni 2006 vart det selt 882 millionar liter av dei ulike petroleumsprodukta, ein auke på 4,2 prosent samanlikna med juni 2005. Størst prosentvis auke var det i salet av jetdrivstoff på heile 24,9 prosent eller 16 millionar liter.

Salet av autodiesel i juni var 229 millionar liter, ein auke på 4,4 prosent samanlikna med juni 2005. Salet av bilbensin var på 190 millionar liter, ein reduksjon på 5 prosent. Til saman stod dei to produkta for 47,5 prosent av det totale salet av petroleumsprodukta.

Juni 2006 syner ein reduksjon i salet av fyringsprodukt i forhold juni 2005. Salet av fyringsparafin vart redusert med 21,4 prosent, medan salet av lette fyringsoljer vart redusert med 6,4 prosent.

Det var 21 utkøyringsdagar i juni i år, mot 22 i 2005.

Tabeller: