8916
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8916
Auka sal av petroleumsprodukt
statistikk
2006-06-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktmai 2006, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 792 millionar liter i mai 2006, ein auke på 2,3 prosent eller 18 millionar liter samanlikna med mai 2005.

Gjennom heile 2006 har salet av bilbensin blitt redusert, medan salet av autodiesel har auka. I mai heldt reduksjonen i salet av bilbensin fram, da det blei selt 179 millionar liter, ein reduksjon på 3,6 prosent samanlikna med mai i fjor. Salet av autodiesel auka i same periode med 12,1 prosent, frå 199 til 223 millionar liter. Salet av bilbensin og autodiesel stod for til saman 51 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Meir til fyring

Salet av fyringsprodukt auka i mai 2006. Lette fyringsoljer hadde ein auke på 5 prosent, medan salet av fyringsparafin auka med 11 prosent. Samla blei det selt 47 millionar liter fyringsolje i mai 2006. Marine gassoljer utgjorde om lag 18 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt med 144 millionar selte liter i mai 2006. Salet blei redusert med 8,2 prosent, eller 13 millionar liter samanlikna med same periode i 2005.

Størst prosentvis auke hadde jetdrivstoff med 21 prosent. I mai 2005 var salet på 59 millionar liter, i mai 2006 var talet 72 millionar liter.

Det var 20 utkøyringsdagar i mai i år, mot 19 i 2005.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB