8918_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8918
Liten auke i samla sal
statistikk
2006-05-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffapril 2006, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten auke i samla sal

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 736 millionar liter i april 2006, ein svak auke på 1,3 prosent samanlikna med april 2005.

På grunn av at påska kom i mars i 2005 og i april i 2006, vart det fire færre utkjøringsdagar i april i år. Difor vil ikkje omsett volum vere direkte samanliknbart med tala i fjor. Det samla salet av petroleumsprodukt var på 736 millionar liter i april, ein svak auke på 1,3 prosent samanlikna med april 2005.

Sal av drivstoff

Gjennom heile 2006 har salet av bilbensin blitt redusert, medan salet av autodiesel har auka. I april held reduksjonen i salet av bilbensin fram, da det vart selt 163 millionar liter, ein reduksjon på 4,1 prosent. Men april syner også ein reduksjon i salet av autodiesel for første gong i år, frå 199 millionar liter i april 2005 til 191 millionar liter i 2006. Salet av bilbensin og autodiesel står for til saman 48 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Meir til fyring

Salet av fyringsoljer auka i april 2006. Lette fyringsoljer hadde ein auke på 18,2 prosent, medan salet av tung fyringsoljer auka med 11,5 prosent. Samla var det selt 100 millionar liter fyringsolje i april 2006, ein auke på 12 millionar liter samanlikna med same periode i 2005.

Marine gassoljer utgjer om lag 20 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. I 1. kvartal 2006 auka salet av produktet med 5,1 prosent, eller 8 millionar liter.

Salet av jetdrivstoff auka også i april, frå 57 millionar liter selt i april 2005 til 70 millionar liter selt i april 2006, ein auke på 21,6 prosent.

Det var 17 utkjøringsdagar i april i år, mot 21 i april 2005.

Tabeller: