8920
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8920
Auke i salet av petroleumsprodukt
statistikk
2006-04-26T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktmars 2006, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i salet av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt var på 2,4 milliardar liter i første kvartal 2006, 7,6 prosent meir enn første kvartal i fjor. Salet av autodiesel auka mest.
[Feil i artikkelen om salg av jet-drivstoff. Artikkel rettet 26.04.2006, kl 14.05. Tabellene er ikke endret.]

Auken i salet av autodiesel held fram. I de tre første månadene i 2006 vart det selt 633 millionar liter, 101 millionar liter eller 19 prosent meir enn i same kvartal 2005.Sal av autodiesel utgjorde 27 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i perioden.

Ei årsak til auken, kan være at salet av bilar som går på diesel held fram. Tal frå Vegdirektoratet syner blant anna ein auke i sal av varebilar på 33 prosent det siste året. Kvar fjerde nye bli som har blitt registrert det siste året er ein varebil. Tala frå Vegdirektoratet syner også at den totale vegtrafikken økte med 2,6 prosent. Salet av bilbensin står for 24 prosent av det samla salet av petroleumsprodukt. I første kvartal 2006 vart det selt 476 millionar liter bilbensin, 11 millionar liter mindre enn første kvartal 2005.

Meir til fyring

Salet av fyringsparafin og fyringsoljer auka i første kvartal 2006. Fyringsparafin hadde ein marginal auke på 1 prosent, medan salet av fyringsoljer auka med 8 prosent. Samla var det selt 16 millionar fleire liter i de tre første månadene i 2006 samanlikna med same periode i 2005.

Marine gassoljer utgjer om lag 19 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. I første kvartal 2006 auka salet av produktet med 4,2 prosent, eller 18 millionar liter.

Auka sal i mars

I mars 2006 vart det selt 857 millionar liter petroleumsprodukt. Dette er ein auke på 14,3 prosent eller 107 millionar liter samanlika med mars 2005, da salet var på 750 millionar liter. På grunn av at påska kom i mars i 2005, vart det 3 færre utkøyringsdagar enn i mars i år. Difor vil ikkje omsett volum vera direkte samanliknbart med fjorårets tal.

Størst er auken i salet av autodiesel med 27 prosent. I februar 2005 var salet på 180 millionar liter, i mars 2006 var talet 229 millionar liter. Samstundes vart salet av bilbensin redusert frå 178 til 171 millionar liter, tilsvarande ei reduksjon på 4 prosent.

Salet av fyringsparafin og fyringsoljer hadde auka sal i mars 2006. For fyringsparafin var auken på 8 prosent og 21 prosent på fyringsolje. Til saman utgjør auken i salet av disse to produkta 16 millionar fleir selte liter samanlikna med 2005. Marine gassoljer hadde ei auke på 25 millionar liter, eller 18 prosent frå mars 2005 til mars 2006.

Det var 23 utkøyringsdagar i mars i år, mot 20 i mars 2005.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB