8922
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8922
Salet av petroleumsprodukt svakt opp
statistikk
2006-03-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktfebruar 2006, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Salet av petroleumsprodukt svakt opp

I februar var det samla salet av petroleumsprodukt på 741 millionar liter. Dette er ein auke på 1,8 prosent samanlikna med februar i fjor, då det vart selt 728 millionar liter. Størst var auken i salet av autodiesel som gikk opp 12,1 prosent.

Samanlikna med februar i fjor vart det selt 22 millionar fleire liter autodiesel i år. Salet av autodiesel utgjer om lag 27 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Salet av bilbensin står for 20 prosent av salet, og samanlikna med februar 2005 var reduksjonen på 4,1 prosent, eller 6 millionar liter.

Andre produkt

Salet av fyringsparafin vart redusert med 12,4 prosent. Dette tilsvarer 2 millionar liter mindre selt i februar 2006 samanlikna med same periode i 2005. Salet av lett fyringsolje var i februar 2006 nær det same som i februar 2005.

Marine gassoljer utgjer om lag 19 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. I februar 2006 vart salet av produktet redusert 8,7 prosent. Dette tilsvarer 13 millionar liter.

Det vart selt 64 millionar jetdrivstoff i februar 2006, ein auke på 4,8 prosent samanlikna med februar 2005.

Det var 20 utkøyringsdagar i februar i år, det same som i 2005.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB