8924
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8924
Auka sal av petroleumsprodukt
statistikk
2006-02-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktjanuar 2006, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt i januar 2006 var på 761 millionar liter. Dette er ein auke på 6,8 prosent samanlikna med same periode i 2005, då det vart selt 705 millionar liter. Størst var auken i salet av autodiesel, på 16,1 prosent.

Auken i salet av autodiesel held dermed fram. Samanlikna med januar i 2005 vart det selt 28 millionar fleire liter denne månaden. Salet av autodiesel utgjer om lag 26 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt. Salet av bilbensin hadde ein liten auke på 0,5 prosent. Sist gang vi såg ein auke i salet av bilbensin for januar månad, var i 2000.

Andre produkt

Salet av fyringsparafin og lett fyringsolje auka med høvesvis 7,3 og 16 prosent. I 2005 var det samla salet av dei to produkta 68 millionar liter, mens talet for januar 2006 var på 78 millionar liter, ein auke på 14,7 prosent.

Jetdrivstoff og marine gassoljer hadde begge ein liten reduksjon i januar. Salet av jetdrivstoff hadde ein reduksjon på 0,6 prosent, noko som utgjer 375 000 liter. Reduksjonen for marine gassoljer var litt større, med 2,1 prosent eller 3 millionar liter.

Det var 22 utkøyringsdagar i januar i år, i 2005 var det 21.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB