8926
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8926
Redusert sal av fyringsoljer
statistikk
2006-01-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktdesember 2005, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av fyringsoljer

Samla sal av petroleumsprodukt i Noreg for 2005 var på 9,3 milliardar liter, talet er uendra frå 2004. Den største endringa frå året før viste salet av fyringsoljer, som synte ein nedgang på heile 25 prosent. Salet av autodiesel auka òg i 2005, medan salet av bensin vart redusert. I desember 2005 vart det selt 775 millionar liter petroleumsprodukt, ein auke på 2,4 prosent frå desember 2004.

2005

I 2004 vart det selt 699 millionar liter fyringsolje, i 2005 var talet redusert til 525 millionar liter, dette tilsvarer ein nedgang på 24,9 prosent. Samanliknar vi dei ti siste åra, har aldri salet av fyringsoljer vore lågare, og det har truleg samanheng med at oljeprisane stadig når nye høgder, og at alternative oppvarmingskjelder dermed har vorte relativt billegare. Salet av fyringsparafin gjekk også tilbake, frå 157 millionar selte liter i 2004 til 130 millionar liter, ein nedgang på 17,3 prosent.

Samanlikna med heile 2004 gjekk salet av avgiftspliktig autodiesel opp med 8,2 prosent i 2005. Salet av bensin gjekk tilbake med 3,5 prosent. Dermed følgjer trenden frå dei siste åra med at salet av autodiesel held fram med å auke medan bensinsalet minkar noko. I 2004 passerte salet av autodiesel salet av bensin i Noreg, etter at salet av diesel nesten hadde auka jamt frå 1995. I den siste tiårsperioden har salet av diesel auka med heile 50 prosent. Dette må sjåast i samanheng med utviklinga i bilparken. Tal frå SSB sin person- og varebilstatistikk viser at det har vore ein større auke i registrerte kjøretøy med dieselmotor, enn det har vore i kjøretøy med bensinmotor dei siste åra. Dermed vert noko av bensinsalet fortrengt av auka sal av autodiesel. Samla sal av bensin var i 2005 på 2,1 milliardar liter, medan salet av autodiesel var på 2,4 milliardar liter, av dette var 1,8 milliardar liter avgiftspliktig. Salet av jetdrivstoff har synt ein auke det siste året, med eit volum for 2005 på 813 millionar liter, opp 5,3 prosent frå 2004.

Sal av petroleumsprodukt. 1995-2005. Milliarder liter

Frå 1999 til 2004 har salet av marine gassoljer hatt ein jamn nedgang. I 2005 har salet derimot fått ein liten auke på 3,7 prosent.

Desember

I desember 2005 var auken i samla sal av petroleumsprodukt på 2,4 prosent samanlikna med desember i 2004, opp frå 757 millionar liter til 775 millionar liter. Avgiftspliktig diesel synte ein auke på 8,4 prosent til totalt 157 millionar liter i desember 2005, medan salet av bensin gjekk ned med 5,9 prosent. Salet av lette fyringsoljer vart redusert med 12,1 prosent samanlikna med desember i 2004.

Det var 21 utkøyringsdagar i desember i år, like mange som i desember i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB