8930_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8930
Auka sal av petroleumsprodukt
statistikk
2005-11-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffoktober 2005, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av petroleumsprodukt

Salet av petroleumsprodukt synte ein oppgang på 2,2 prosent i oktober, samanlikna med oktober i fjor. Størst auke synte salet av marine gassoljer, i tillegg til at auken i dieselsalet held fram. På same tid vart salet av fyringsprodukt og bilbensin redusert.

Det vart selt totalt 804 millionar liter av dei ulike petroleumsprodukta i oktober. Dette er 17 millionar liter meir enn i oktober i fjor. Salet av marine gassoljer synte ein kraftig auke med 19 millionar liter, tilsvarande 14,9 prosent. Auken i dieselsalet var på 14 millionar liter eller 6,9 prosent, medan salet av bilbensin gjekk ned med 5 millionar liter, 2,9 prosent

Salet av fyringsprodukt vart redusert frå 64 til 51 millionar liter samanlikna med same periode i 2004, ein nedgang på 19,6 prosent.

Det var 22 utkøyringsdagar i oktober, medan det var 21 i oktober i fjor.

Tabeller: