8932_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8932
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2005-10-17T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffseptember 2005, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Salet av petroleumsprodukt synte ein nedgang på 1,7 prosent i september, samanlikna med september i fjor. Størst reduksjon synte salet av marine gassoljer og bilbensin, medan dieselsalet og sal til bunkers synte ein oppgang. Hittil i år har samla sal av petroleumsprodukt vore tilnærma det same som i fjor, men med ein del endringar mellom dei ulike produkta.

Det vart selt totalt 808 millionar liter av dei ulike petroleumsprodukta i september. Dette er 14 millionar liter færre enn i september i fjor. Salet av bilbensin vart redusert med 4 millionar liter, marine gassoljer med 23 millionar liter og fyringsprodukt med 6 millionar liter. I same periode vart det selt 15 millionar liter meir av autodiesel og 3 millionar liter meir av jetdrivstoff.

Hittil i år

Salet av petroleumsprodukt hittil i år, til og med 3. kvartal, vart redusert med 0,2 prosent samanlikna med same periode i 2004. Det vart totalt selt om lag 7 milliardar liter i dei første 9 månadene av året. Trass i denne nærast ubetydelege endringa i det totale salet, har det vore relativt store endringar på produktnivå. Salet av bilbensin vart redusert med 54 millionar liter (-3,2 prosent), medan dieselsalet auka med 123 millionar liter (7,4 prosent). Salet av fyringsprodukt og marine gassoljer brukt til marint drivstoff auka med 138 millionar liter, medan det totale salet av fyringsprodukt vart redusert med 141 millionar liter.

Det var 22 utkøyringsdagar i september, like mange som i september i fjor.

Tabeller: