8936
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8936
Lågt sal av fyringsprodukt
statistikk
2005-08-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktjuli 2005, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågt sal av fyringsprodukt

Salet av petroleumsprodukt synte ein reduksjon på 3,4 prosent i juli, samanlikna med juli i fjor. Ein reduksjon i samla sal av fyringsprodukt på 16,2 prosent er det største bidraget til den totale reduksjonen. Samla sal av petroleumsprodukt var på 753 millionar liter, ned 27 millionar liter frå juli i fjor.

Nedgangen i salet av fyringsprodukt held fram. Salet av fyringsparafin og lette fyringsoljer vart redusert med høvesvis 25,5 og 42,7 prosent, samanlikna med same månad i fjor. Dette utgjer totalt 16 millionar liter. Det vart selt 6 millionar liter fyringsparafin og 19 millionar liter lette fyringsoljer i juli.

Sal av drivstoff

Salet av autodiesel auka med 6,4 prosent til 191 millionar liter i juli, medan salet av bilbensin vart redusert med 2,9 prosent til 203 millionar liter. Salet av marine gassoljer og tunge fyringsoljer vart redusert med høvesvis 3,6 og 7,2 prosent. Bruken av desse produkta til marint drivstoff auka likevel med 30,5 prosent, og utgjer om lag ein tredel av bruken av desse produkta.

Det var 21 utkøyringsdagar i juli i år, mot 22 i juli i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB