8938
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8938
Salet av petroleum svakt ned første halvår
statistikk
2005-07-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktjuni 2005, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Salet av petroleum svakt ned første halvår

Salet av petroleumsprodukt synte ein liten nedgang på 0,6 prosent i første halvår samanlikna med 2004. Størst reduksjon synte salet av fyringsprodukt og bilbensin, medan dieselsalet synte ein oppgang. For juni synte samla sal av petroleumsprodukt ein nedgang på 1,7 prosent, til 846 millionar liter.

I første halvår 2005 vart det selt totalt 4,5 milliardar liter petroleumsprodukt i Noreg. Dette er ein liten nedgang på 26 millionar liter samanlikna med første halvår i 2004. Nedgangen kjem i hovudsak av ein stor reduksjon i salet av fyringsprodukt. Salet av fyringsparafin og lette fyringsoljer gjekk tilbake med 113 millionar liter, til 367 millionar liter, i denne perioden.

Drivstoff

I same periode vart bensinsalet redusert med 3,5 prosent, medan dieselsalet auka med 7 prosent. Salet av marine gassoljer til bunkers, altså marint drivstoff, auka med 44,3 prosent i første halvår. Det vart selt 216 millionar liter til dette føremålet. Tung fyringsolje vert også selt til bunkers, og salet av denne auka med 14,4 prosent, til 145 millionar liter.

Juni 2005

For juni synte samla sal av petroleumsprodukt ein reduksjon på 15 millionar liter til 846 millionar liter. Denne månaden synte salet av bilbensin ein reduksjon på 3 prosent, til 200 millionar liter, medan dieselsalet auka med 5,3 prosent, til 219 millionar liter. Salet av fyringsprodukt var også i juni lågt samanlikna med same månad i fjor, og fyringsparafin og lette fyringsoljer synte ein reduksjon i salet på høvesvis 10,3 og 23,2 prosent.

Det var 22 utkøyringsdagar i juni i år, like mange som i juni i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB