8940_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8940
Framleis auka sal av diesel
statistikk
2005-06-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffmai 2005, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis auka sal av diesel

Salet av petroleumsprodukt aukar framleis og synte ein auke på 8,9 prosent i mai, samanlikna med mai i fjor. Ein auke i dieselsalet på 15,4 prosent er det største bidraget til den totale veksten. Samla sal av petroleumsprodukt var på 776 millionar liter, opp 63 millionar liter frå mai i fjor.

Salet av autodiesel auka med 27 millionar liter til 199 millionar liter i mai, medan salet av bilbensin vart tilnærma uendra på 186 millionar liter. Salet av marine gassoljer og tunge fyringsoljer, som mellom anna vert brukt til marint drivstoff, auka med høvesvis 15 og 10 millionar liter.

Andre produkt

Salet av fyringsprodukt held fram med å minske. Hittil i 2005 har det månadlege salet av fyringsprodukt lege godt under salet i tilsvarande periode i 2004. Samla sal i mai låg på 45 millionar liter, noko som tilsvarer ein reduksjon i salet på 11,4 prosent. Salet av smørjeoljer synte ein auke på 25,4 prosent, til 7 millionar liter.

Det var 19 utkøyringsdagar i mai i år, mot 18 i mai i fjor.

Tabeller: