8942
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8942
Stor auke i dieselsalet
statistikk
2005-05-19T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktapril 2005, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stor auke i dieselsalet

Dieselsalet synte ein auke på heile 18 prosent i april samanlikna med april i fjor, medan bensinsalet gjekk tilbake med drygt 6 prosent. Salet av fyringsprodukt held fram med reduksjonen, og gjekk tilbake med over 20 prosent. Samla sal av petroleumsprodukt var 728 millionar liter i april, ein auke på 3,4 prosent samanlikna med same månad i fjor.

Salet av diesel auka med heile 18 prosent, til 199 millionar liter, i april. Dette heng saman med det låge dieselsalet i mars, og kan forklarast med at påsken i år var i mars, medan fjorårets påske var i april. På same tid synte bensinsalet ein reduksjon på 6,4 prosent, medan det berre var ein liten reduksjon i mars. I påsken ser me generelt ein liten auke i salet av bilbensin relativt til salet av diesel. Dette kan kome av at eit fleirtal av privatpersonane køyrer bilar med bensinmotor, og at privatpersonar køyrer meir i påsken samanlikna med yrkessjåførar og tungtransport som hovudsakeleg brukar diesel. Hittil i år syner salet av diesel ein auke på 5,4 prosent samanlikna med dei fire fyrste månadene i 2004, medan salet av bilbensin syner ein reduksjon på 4,6 prosent.

Redusert sal av fyringsprodukt

Samla sal av fyringsprodukt vart redusert med 20,2 prosent samanlikna med april i fjor, noko som tilsvarer ein reduksjon på 11 millionar liter. Det vart selt 43 millionar liter av fyringsparafin og lett fyringsolje i april i år mot 54 millionar liter i april i fjor. Salet av tung fyringsolje synte ein reduksjon i salet på 4,6 prosent, til 48 millionar liter. Denne reduksjonen i salet av fyringsprodukt er ei fortsetjing av den utviklinga me har sett gjennom årets fyrste kvartal.

Hittil i år har samla sal av fyringsparafin og lett fyringsolje vorte redusert med 25,9 prosent, medan salet av tung fyringsolje har auka med 2,7 prosent.

Det var 21 utkøyringsdagar i april i år, mot 19 i april i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB