8944
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8944
Mindre sal av bensin - meir diesel
statistikk
2005-04-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktmars 2005, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Mindre sal av bensin - meir diesel

I første kvartal 2005 gjekk bensinsalet ned med 4,5 prosent, samanlikna med første kvartal 2004. I same periode synte salet av avgiftspliktig diesel ein auke på 2,8 prosent, medan samla sal av petroleumsprodukt vart redusert med 4,5 prosent, til 2,2 milliardar liter. Ein stor reduksjon i salet av fyringsprodukt var saman med reduksjonen i bensinsalet hovudårsaka til at samla sal av petroleumsprodukt vart lågare enn i første kvartal 2004.

Det vart i mars, i likskap med januar og februar, selt meir diesel enn bensin. I perioden 1998-2004 har det årlege dieselsalet synt ein jamn auke frå 1,88 til 2,27 milliardar liter, noko som tilsvarer ein auke på 397 millionar liter, eller 21,1 prosent. I same perioden har bensinsalet synt ein reduksjon på 57 millionar liter, til 2,22 milliardar liter. Samla sal av drivstoff har auka med 340 millionar liter i denne perioden, til 4,49 milliardar liter. 2004 var det første året då det vart selt meir diesel enn bensin i Noreg. Det har truleg samanheng med utviklinga i bilparken. Tal frå personbil- og varebilstatistikken til Statistisk sentralbyrå viser at det i perioden 1998-2004 har vore ein auke frå om lag 400 000 til 617 000 registrerte kjøretøy med dieselmotor. Det tilsvarer ein auke på heile 54 prosent, og det ser ut til at det aukar meir for kvart år. I same periode har talet på registrerte kjøretøy med bensinmotor berre synt ein auke på vel 20 000. Dermed vert noko av bensinsalet fortrengt av auka sal av autodiesel. Det var til saman 2,5 millionar registrerte kjøretøy i den norske bilparken i 2004. Også i andre land kan det sjå ut til at ein slik trend er gjeldande. I Danmark har dieselsalet auka med 17,2 prosent i perioden 1998-2003, medan bensinsalet har vorte redusert med 3,6 prosent i same periode, og i Storbritannia vart det for første gong i 2004 selt like mykje diesel som bensin.

Siste kvartal

Det vart omsett 2,2 milliardar liter petroleumsprodukt i første kvartal 2005. Dette er 103 millionar liter færre enn i første kvartal 2004, ein reduksjon på 4,5 prosent. Det er salet av bilbensin og fyringsprodukt som hovudsakleg står for reduksjonen. Bensinsalet gjekk ned med 23 millionar liter, medan salet av fyringsparafin og lette fyringsoljer synte ein reduksjon på høvesvis 10 og 75 millionar liter. Ein auke i salet av autodiesel, marine gassoljer og tunge fyringsoljer på til saman 24 millionar liter, var difor ikkje nok til å stagge ein relativt stor reduksjon i samla sal av petroleumsprodukt.

750 millionar liter petroleumsprodukt omsett i mars

Det vart i mars i år omsett 750 millionar liter petroleumsprodukt. Dette er ein nedgang på 4,8 prosent, eller 38 millionar liter, samanlikna med mars i fjor. Nedgangen fordeler seg på dei fleste petroleumsprodukta. For jetdrivstoff, fyringsparafin og tung fyringsolje synte salet ein liten auke på til saman 8 millionar liter. På grunn av at påsken kom i mars dette året, vart det tre færre utkøyringsdagar enn i mars i fjor. Difor vil ikkje omsett volum vera direkte samanliknbart med fjorårets tal.

Det var 20 utkøyringsdagar i mars i år, medan det var 23 utkøyringsdagar i mars i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB