8946
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8946
Framleis nedgang i salet av fyringsprodukt
statistikk
2005-03-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktfebruar 2005, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis nedgang i salet av fyringsprodukt

Trass i ein stor auke i salet av autodiesel og marine gassoljer vart samla sal av petroleumsprodukt redusert med 1,8 prosent i februar. Dette kjem av ein stor nedgang i samla sal av fyringsprodukt og jetdrivstoff. Samla sal av petroleumsprodukt var i februar på 728 millionar liter.

Salet av fyringsparafin synte ein reduksjon på 10,7 prosent, og enda på 16 millionar liter. Salet av lett fyringsolje vart redusert med 20,2 prosent, til 64 millionar liter. Samla sal av fyringsprodukt vart dermed redusert med 18,4 prosent, eller 18 millionar liter, samanlikna med februar i 2004.

Drivstoff

Samanlikna med februar i fjor synte salet av avgiftspliktig diesel ein auke på heile 7,4 prosent, og enda på 131 millionar liter. Salet av bilbensin vart redusert med 3,2 prosent, til 156 millionar liter, medan salet av jetdrivstoff vart redusert med 12,9 prosent, til 62 millionar liter. Salet av marine gassoljer synte ein auke på 5,4 prosent, til 147 millionar liter. Denne auken kom i all hovudsak frå sal til bunkers til utanriks sjøtransport.

Det var 20 utkøyringsdagar i februar i år, like mange som i februar i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB