8948
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8948
Stor nedgang i salet av fyringsprodukt
statistikk
2005-02-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktjanuar 2005, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stor nedgang i salet av fyringsprodukt

Det var i januar ein samla nedgang i salet av fyringsprodukt på heile 37,1 prosent samanlikna med januar i fjor. Salet av bilbensin gjekk tilbake med 8,6 prosent, medan salet av autodiesel synte ein auke på 3,6 prosent.

Salet av jetdrivstoff og marine gassoljer synte ein auke på 6 millionar liter kvar. Dette medverka til at samla sal av petroleumsprodukt ikkje vart redusert med meir enn 6,9 prosent samanlikna med januar i fjor. Total omsett mengd petroleumsprodukt var i januar på 705 millionar liter.

Fyringsprodukt

Salet av fyringsparafin og lett fyringsolje vart redusert med høvesvis 37,2 og 37,1 prosent. Nedgangen i salet kjem i hovudsak av redusert sal til oppvarmingsformål, noko som kan ha ein samanheng med at vi har hatt ein varm vinter med tilnærma normal fyllingsgrad i vassmagasina og lågare straumprisar.

Drivstoff

Samla sal av bilbensin var i januar på 152 millionar liter, ein nedgang på 14 millionar liter frå i fjor. Reduksjonen gjeld både for bensin med blyerstatning og for blyfri bensin. Salet av avgiftspliktig diesel synte ein auke på 4 millionar liter, til 127 millionar liter.

Det var 21 utkøyringsdagar i januar i år, like mange som i januar i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB