8950_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8950
Stor auke i salet av diesel
statistikk
2005-01-17T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffdesember 2004, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stor auke i salet av diesel

Samla sal av petroleumsprodukt i Noreg for 2004 var på 9,3 milliardar liter, ein liten nedgang på 0,4 prosent frå 2003. Salet av autodiesel synte ein auke på heile 8,3 prosent, medan salet av lette fyringsoljer vart redusert med 23,4 prosent. I desember 2004 vart det selt 757 millionar liter petroleumsprodukt, ein liten auke på 0,6 prosent frå desember 2003.

Samanlikna med heile året 2003 gjekk salet av avgiftspliktig autodiesel opp med 8,3 prosent i 2004, medan salet av bensin gjekk noko tilbake. Dermed vert trenden følgt frå dei siste åra med at salet av autodiesel held fram med å auke medan bensinsalet minkar noko. Samla sal av bensin var i 2004 på 2,2 milliardar liter, medan salet av avgiftspliktig diesel var på 1,6 milliardar liter.

Fyringsparafin og lette fyringsoljer synte ein nedgang på høvesvis 15,5 og 23,4 prosent frå 2003, og var i 2004 tilbake på eit volum som var normalt før tørråret 2002. Den låge fyllingsgraden i vassmagasina i 2002 førte til høge straumprisar ut i 2003 og førte til at ein substituerte seg bort frå bruk av elektrisk kraft og over på fyringsolje. I 2004 normaliserte situasjonen seg, og det vart dermed naturleg at salet av fyringsprodukt gjekk mykje tilbake.

Salet av jetdrivstoff har synt ein stor auke det siste året, med eit volum for 2004 på 772 millionar liter, opp 15,1 prosent frå 2003. Omsett volum av jetdrivstoff er dermed tilbake på eit nivå som er nærare volumet i 2002 og åra før.

Desember

Avgiftspliktig diesel synte ein auke på 13,8 prosent til totalt 145 millionar liter i desember 2004. Denne auken i sal av petroleumsprodukt vart i hovudsak motverka av ein stor nedgang i salet av lette fyringsoljer på heile 28,2 prosent. Dermed synte det totale petroleumssalet i Noreg ein svak auke på 0,6 prosent til totalt 757 millionar liter.

Det var 21 utkøyringsdagar i desember i år, like mange som i desember i fjor.

Tabeller: