8952
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8952
Auka sal av autodiesel i november
statistikk
2004-12-14T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktnovember 2004, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av autodiesel i november

Samla sal av petroleumsprodukt utgjorde 790 millionar liter i november. Dette var 6,9 prosent meir enn i november i fjor. Det var spesielt sal av autodiesel som medverka til auken då dette salet synte ein auke på heile 20,5 prosent til 213 millionar liter.

Fyringsprodukt

Samanlikna med november i fjor gjekk salet av lette fyringsoljer ned med 14,7 prosent til 64 millionar liter, medan fyringsparafin synte ein auke på 17,8 prosent til 15 millionar liter. Samla vart det dermed ein samla nedgang i salet av fyringsprodukt på 8,7 prosent.

Siste tolv månader

Den siste tolvmånadersperioden har sal av autodiesel og jetdrivstoff hatt ein auke på 5,9 og 11,1 prosent, medan samla sal av fyringsprodukt har avteke med 22,2 prosent. Av dette stod fyringsoljer for 23,2 prosent og fyringsparafin for 18,2 prosent. Samla sal av petroleumsprodukt synte dermed ein liten nedgang på 1,4 prosent, til 9 331 millionar liter, siste tolvmånadersperiode.

Det var 22 utkøyringsdagar i november i år mot 20 i november i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB