8954_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8954
Nedgang i petroleumsalet i oktober
statistikk
2004-11-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffoktober 2004, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i petroleumsalet i oktober

Samla sal av petroleumsprodukt utgjorde 787 millionar liter i oktober - 10,6 prosent lågare enn i oktober i fjor. Salet av fyringsprodukt og drivstoff stod for det meste av nedgangen medan salet av jetdrivstoff og tung fyringsolje synte ein moderat auke.

Nedgangen i salet har delvis samanheng med at det var to utkøyringsdagar færre i oktober i år enn i fjor. Totalt sal av petroleumsprodukt for dei siste tolv månadene var 9 280 millionar liter. Det var 2,6 prosent lågare enn i førre tolvmånadersperiode.

Fyringsprodukt

Sal av lette fyringsoljer og fyringsparafin gjekk i oktober ned med respektive 41,5 og 38,0 prosent samanlikna med oktober i fjor. For dei siste tolv månadene var det ein nedgang på respektive 23,2 og 21,2 prosent for dei same produkta.

Autodiesel og bilbensin

Det vart selt 198 millionar liter autodiesel i oktober, det var 6,7 prosent mindre enn i oktober i fjor. For dei siste tolv månadene var det auke på 3,8 prosent i samla sal av autodiesel. Sal av bilbensin gjekk ned med 7,1 prosent til 178 millionar liter i oktober medan salet dei siste tolv månadene vart redusert med 1,7 prosent.

Det var 21 utkøyringsdagar i oktober i år mot 23 i oktober i fjor.

Tabeller: