8956
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8956
Auka sal av autodiesel
statistikk
2004-10-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktseptember 2004, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av autodiesel

Det vart selt 207 millionar liter autodiesel i september. Det er ein auke på 10,7 prosent samanlikna med same månad i fjor. Sal av bilbensin gjekk derimot ned med 4,0 prosent til 184 millionar liter.

Samla sal av petroleumsprodukt utgjorde 822 millionar liter i september. Det tilsvarar ein oppgang på 2,8 prosent samanlikna med september 2003.

Jetdrivstoff opp og fyringsprodukt ned

Det vart selt 62 millionar liter jetdrivstoff i september. Det var heile 24,3 prosent meir enn i same månad i fjor. Sal av lette fyringsoljer og fyringsparafin gjekk i september ned med respektive 11,9 og 16,7 prosent samanlikna med same månad i fjor.

Siste tolv månader

Dei siste tolv månadene utgjorde salet av petroleumsprodukt 9 373 millionar liter. Dette var ein nedgang på 1,4 prosent samanlikna med førre tolvmånadersperiode. Det var sal av fyringsprodukt og marine gassoljer som stod for det meste av nedgangen. Sal av bilbensin gjekk ned med 1,0 prosent til 2 220 millionar liter, medan sal av autodiesel auka med 5,1 prosent til 2 227 millionar liter. Sal av jetdrivstoff og tung fyringsolje synte også ein oppgang.

Det var 22 utkøyringsdagar i september i år som i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB