8958
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8958
Auka sal av petroleumsprodukt
statistikk
2004-09-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktaugust 2004, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av petroleumsprodukt

Samla sal av petroleumsprodukt utgjorde 838 millionar liter i august - 7,6 prosent meir enn i august i fjor. Det var spesielt sal av autodiesel, bilbensin og jetdrivstoff som medverka til auken.

Det vart selt 208 millionar liter autodiesel i august, heile 17,4 prosent meir enn i same månad i 2003. Sal av bilbensin utgjorde 207 millionar liter. Det var 3,3 prosent meir enn i august i fjor. Sal av jetdrivstoff auka med 38,6 prosent og utgjorde 71 millionar liter. Størst nedgang synte sal av marine gassoljer. Det utgjorde 140 millionar liter, 14,6 prosent mindre enn i august i fjor.

Siste tolv månader

Det vart selt 9 372 millionar liter petroleumsprodukt siste tolv månader, som var ein nedgang på 0,8 prosent i høve til førre tolvmånadersperiode. Sal av bilbensin gjekk ned med 0,3 prosent medan autodiesel auka med 5,0 prosent i denne perioden. Sal av fyringsparafin og lett fyringsolje viste ein nedgang på respektive 13,1 og 15,1 prosent.

Det var 22 utkøyringsdagar i august i år mot 21 i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB