8960
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8960
Lågare sal av bilbensin
statistikk
2004-08-17T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktjuli 2004, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare sal av bilbensin

Sal av bilbensin har gått ned og utgjorde i juli 209 millionar liter - 5,6 prosent lågare enn i juli i fjor. Sal av autodiesel gjekk opp med 1,1 prosent til 179 millionar liter. Sal av avgiftspliktig autodiesel synte ein oppgang på 5,8 prosent.

Salet av jetdrivstoff auka med 27,1 prosent i juli samanlikna med juli i fjor.

Samla sal

Det vart selt 781 millionar liter petroleumsprodukt i juli, ein oppgang på 0,8 prosent samanlikna med same månad i fjor. Det samla salet av petroleumsprodukt hittil i år er på 5 362 millionar liter. Det er ein nedgang på 1,3 prosent samanlikna med i fjor.

Siste tolvmånadsperiode

Det vart selt 9 313 millionar liter petroleumsprodukt dei siste tolv månadene, 1,7 prosent mindre enn i førre tolvmånadsperiode. Dei fleste produkta viste nedgang i salet i denne perioden. Sal av autodiesel hadde derimot ein auke på 3,5 prosent. Størst reduksjon var det i sal av lett fyringsolje som gjekk ned med 15,7 prosent.

Det var 22 utkøyringsdagar i juli i år mot 23 i juli i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB