8962
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8962
Salet av petroleumsprodukt ned
statistikk
2004-07-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktjuni 2004, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Salet av petroleumsprodukt ned

Salet av petroleumsprodukt gjekk ned med 1,6 prosent 1. halvår i år samanlikna med 1. halvår i fjor. Samla sal utgjorde 4 581 millionar liter. Det var spesielt salet av fyringsprodukt og marine gassoljer som stod for nedgangen i denne perioden.

Salet av lette fyringsoljer og fyringsparafin utgjorde respektive 413 og 81 millionar liter for 1. halvår i år. Det var 23,1 og 16,7 prosent lågare enn i same periode i fjor. Sal av marine gassoljer, som er eit mellomdestillat til marint bruk, gjekk tilbake med 4,5 prosent til 846 millionar liter i dei første seks månadene i 2004.

Auka sal av drivstoff

Salet av bilbensin og autodiesel utgjorde om lag 47 prosent av samla sal for dei seks første månadene, og viste ein auke på respektive 0,4 og 5,1 prosent i denne perioden. I juni var salet av autodiesel 208 millionar liter, det var heile 12,8 prosent meir enn i juni i fjor. Salet av bilbensin i juni i år var på 185 millionar liter, ein auke på 2,6 prosent samanlikna med same månad i fjor. Salet av jetdrivstoff auka med 16,0 prosent i 1. halvår, medan salet i juni steig med 20,5 prosent.

Siste tolvmånadsperiode

Det totale salet av petroleumsprodukt for dei siste tolv månadene var 9 308 millionar liter. Dette var 1,8 prosent lågare enn i førre tolvmånadsperiode. Salet av bilbensin gjekk tilbake 0,4 prosent medan salet av autodiesel viste ein auke på 4,0 prosent i denne perioden. Salet av lette fyringsoljer og fyringsparafin vart redusert med respektive 13,5 og 8,4 prosent. Salet av marine gassoljer og jetdrivstoff viste også nedgang i salet i denne perioden.

Det var 22 utkøyringsdagar i juni i år mot 20 i juni fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB