8964
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8964
Redusert sal av bensin
statistikk
2004-06-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktmai 2004, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av bensin

Det vart selt 185 millionar liter bilbensin i mai. Dette er ein nedgang på 2,4 prosent samanlikna med mai i fjor. Sal av autodiesel derimot synte ein oppgang på 2,0 prosent.

Samla sal av bilbensin utgjorde 2 228 millionar liter for dei siste tolv månadene - ein nedgang på 0,5 prosent i høve til førre tolvmånadsperiode.

Auka sal av autodiesel

Salet av autodiesel utgjorde i mai 172 millionar liter, ein oppgang på 2,0 prosent samanlikna med same månad i fjor. Avgiftsfri autodiesel auka mest med ein oppgang på 3,7 prosent medan avgiftspliktig autodiesel auka med 1,3 prosent. Det vart selt 2 150 millionar liter autodiesel dei siste tolv månadene. Dette var ein auke på 3,6 prosent i høve til førre tolvmånadsperiode.

Nedgang i sal av fyringsprodukt

Sal av lette fyringsoljer gjekk i mai ned med 19,0 prosent samanlikna med same månad i fjor medan salet vart redusert med 12,8 prosent for dei siste tolv månadene. Sal av fyringsparafin synte òg nedgang for både mai og for dei siste tolv månadene, med respektive 17,9 og 5,7 prosent.

Samla sal

Det vart selt 714 millionar liter petroleumsprodukt i mai, det var 6,0 prosent mindre enn i mai i fjor. Dette kan sjåast i samanheng med at det var to utkøyringsdagar mindre i mai i år enn i fjor. For dei siste tolv månadene utgjorde salet 9 263 millionar liter, ein nedgang på 1,7 prosent samanlikna med førre tolvmånadsperiode.

Det var 18 utkøyringsdagar i mai i år mot 20 i mai i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB