8966_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8966
Auka sal av autodiesel
statistikk
2004-05-18T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffapril 2004, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av autodiesel

Det vart selt meir autodiesel i april i år enn i april i fjor. Auken var på 6,5 prosent for samla sal av autodiesel og på 7,3 prosent for avgiftspliktig diesel. Sal av bilbensin gjekk derimot ned med 2,7 prosent.

Det vart selt 2 147 millionar liter autodiesel dei siste tolv månadene. Dette var ein auke på 3,3 prosent i høve til førre tolvmånadsperiode.

Nedgang i sal av bilbensin

Samla sal av bilbensin utgjorde 2 233 millionar liter for dei siste tolv månadene - ein nedgang på 0,7 prosent i høve til førre tolvmånadsperiode.

Sal av fyringsoljer gjekk ned

Sal av lette fyringsoljer gjekk i april ned med heile 27,9 prosent samanlikna med same månad i fjor. Dei siste tolv månadene vart salet av lette fyringsoljer redusert med 9,6 prosent i forhold til førre tolvmånadsperiode.

Samla sal

Det vart selt 708 millionar liter petroleumsprodukt i april, det var 1,9 prosent mindre enn i april i fjor. For dei siste tolv månadene utgjorde salet 9 315 millionar liter, ein nedgang på 1,1 prosent samanlikna med førre tolvmånadsperiode.

Det var 19 utkøyringsdagar i april i år som i fjor.

Tabeller: