8968
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8968
Salet av bensin og diesel aukar
statistikk
2004-04-26T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktmars 2004, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Salet av bensin og diesel aukar

Salet av autodiesel og bilbensin auka kraftig i mars i år i høve til mars i fjor. Autodiesel auka med 14,9 prosent til 187 millionar liter. For bilbensin var auken 6,6 prosent, til 183 millionar liter.

Samla sal av petroleumsprodukt utgjorde 792 millionar liter i mars, ein oppgang på 3,1 prosent frå mars i fjor. Salet av fyringsprodukt viste nedgang i mars samanlikna med same månad i fjor. Salet av lette fyringsoljer og fyringsparafin gjekk tilbake med respektive 13,2 og 14,0 prosent.

Første kvartal

Salet av petroleumsprodukt gjekk tilbake med 2,3 prosent 1. kvartal i år frå 1.kvartal i fjor. Samla sal utgjorde 2 302 millionar liter. Det var spesielt salet av fyringsprodukt som bidrog til reduksjonen i denne perioden.

Siste 12 månader

Totalt sal av petroleumsprodukt for siste 12 månader var 9 329 millionar liter. Det var heile 0,5 prosent lågare enn i førre 12-månadsperiode. Salet av bilbensin gjekk tilbake med 0,4 prosent medan salet av autodiesel auka med 2,5 prosent.

Det var 23 utkøyringsdagar i mars i år mot 21 i mars i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB