8970_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8970
Redusert sal av fyringsprodukt
statistikk
2004-03-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstofffebruar 2004, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av fyringsprodukt

Samla sal av petroleumsprodukt utgjorde 749 millionar liter i februar, ein nedgang på 3,3 prosent frå februar i fjor. Salet av fyringsprodukt og marine gassoljer stod for det meste av nedgangen medan salet av jetdrivstoff auka kraftig.

Salet av marine gassoljer var i februar 134 millionar liter. Det var 7,5 prosent lågare enn i februar i fjor.

Fyringsprodukt

Salet av lette fyringsoljer utgjorde 85 millionar liter, ned 30,9 prosent samanlikna med februar i fjor. Det vart seld 18 millionar liter fyringsparafin i februar, ein nedgang på 16,3 prosent samanlikna med same månad i fjor.

Oppgang i sal av jetdrivstoff og tung fyringsolje

Salet av jetdrivstoff utgjorde 75 millionar liter i februar, det var heile 53,3 prosent høgare enn i februar i fjor. Det vart seld 50 millionar liter tung fyringsolje i februar, ein auke på 9,2 prosent samanlikna med februar i fjor.

Siste 12 månader

For dei siste 12 månadene utgjorde det samla salet av petroleumsprodukt 9 305 millionar liter. Dette er 0,2 prosent lågare enn i førre tolvmånadsperiode. Salet av autodiesel auka med 1,7 prosent medan salet av bilbensin fall med 1,2 prosent.

Det var 20 utkøyringsdagar i februar i år som i februar i fjor.

Tabeller: