8972
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8972
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2004-02-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktjanuar 2004, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Samla sal av petroleumsprodukt utgjorde 761 millionar liter i januar, det var 6,3 prosent lågare enn i januar i fjor. Salet av fyringsprodukt og autodiesel stod for det meste av nedgangen medan salet av jetdrivstoff og marine gassoljer auka.

Totalt sal av petroleumsprodukt for siste 12 månader var 9 331 millionar liter. Det var 1,1 prosent høgare enn i førre 12-månadersperiode.

Sal av fyringsprodukt

Sal av lette fyringsoljer gjekk ned med 22,5 prosent i januar, medan salet auka med 23,5 prosent dei siste 12 månadene. For fyringsparafin vart nedgangen i januar på heile 27,2 prosent. For dei siste 12 månadene var det ein auke på 3,8 prosent i salet av fyringsparafin. Nedgangen i januar for desse produkta må sjåast i samanheng med det rekordhøge salet i fjor vinter.

Autodiesel og bilbensin

Det vart selt 172 millionar liter autodiesel i januar, det var 3,7 prosent mindre enn i januar i fjor. For dei siste 12 månadene var det auke på 2,7 prosent i samla sal av autodiesel. Sal av bilbensin gjekk ned med 3,5 prosent til 166 millionar liter i januar, medan salet dei siste 12 månadene vart redusert med 1,2 prosent.

Oppgang i sal av marine gassoljer og jetdrivstoff

Marine gassoljer, som er eit mellomdestillat til marint bruk, viste oppgang i salet i januar. Salet auka med 5,2 prosent, medan den delen av salet som gjekk til utanriks sjøfart vart redusert med heile 19,6 prosent. Sal av jetdrivstoff utgjorde 58 millionar liter i januar, det var 10,6 prosent høgare enn i same månad i fjor.

Det var 21 utkøyringsdagar i januar i år mot 22 i januar i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB