25507
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
25507
Salet av petroleumsprodukt auka i 2001
statistikk
2002-01-21T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktdesember 2001, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Salet av petroleumsprodukt auka i 2001

Samla sal av petroleumsprodukt auka med 3,7 prosent frå 2000 til 2001. Auken var størst for fyringsprodukt og autodiesel.

Salet av fyringsprodukt auka frå 2000 til 2001. Innanlands sal av tung fyringsolje var heile 46,4 prosent høgare enn i 2000, og i tillegg steig salet av lette fyringsoljer og fyringsparafin med rundt 11 prosent. Salet av fyringsprodukt er likevel lågare enn tidlegare år. Lette fyringsoljer har til dømes 17,3 prosent lågare sal i 2001 enn i 1999. 2000 var spesielt både på oljeprisar/elprisar og temperaturar som gjorde store utslag i salet av fyringsprodukt.

Salet av autodiesel auka med 8,2 prosent til rekordhøge 2 014 millionar liter. Den avgiftspliktige dieselen steig mest, med 9,2 prosent. For bilbensin utgjorde salet 2 271 millionar liter, som var 3,7 prosent auke frå 2000. Bilbensin har vist noko nedgang i salet dei siste to åra, men er no tilbake på same nivå som i 1998.

Blant dei andre petroleumsprodukta kan nemnast salet av LPG (til energiføremål) som har gått opp med 13,7 prosent til 252 millionar liter, etter tre år med jamt sal på rundt 220 millionar liter. Salet av tungdestillat utgjorde 290 millionar liter, som var 4,4 prosent meir enn i 2000. Tungdestillat nyttast fyrst og fremst til båtar, men også noko i industrien. Asfalt (bitumen) og smørjemiddel viste nedgang i salet på rundt 9-10 prosent og utgjorde for 2001 respektive 270 og 89 millionar liter.

Mindre sal til skip i utanriks sjøfart

Salet av tung fyringsolje til skip i utanriks sjøfart (bunkers) minka derimot i høve til 2000, med 10,7 prosent. Marine gassoljer nyttast også til bunkers, og dette salet gjekk opp med 2 prosent frå 2000 til 2001. Bunkerssalet var rundt 15 prosent lågare i 2001 enn i toppåret for bunkerssal i 1997. Salet av marine gassoljer er bortimot uendra, medan salet av tung fyringsolje falt med over 30 prosent frå 1997 til 2001.

Auka sal av bilbensin i desember

Salet av bilbensin og autodiesel var over 10 prosent høgare i desember i år i høve til desember i fjor. Den store auken kjem av lågt sal i desember i fjor, da det var utbredt lagernedbygging før nyttår på grunn av avgiftskutt frå 1. januar 2001.

Fyringsprodukta viste også stor auke i salet i desember, både sal av lette fyringsoljer og fyringsparafin steig med rundt 30 prosent. Årsaka er, også her, spesielt lågt sal i desember 2000. På tross av den store auken frå desember i fjor er salet framleis lågt i høve til tidlegare år.

Det var 18 utkøyringsdagar i desember i år mot 19 i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB