25509
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
25509
Auka sal av fyringsoljer
statistikk
2001-12-20T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktnovember 2001, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av fyringsoljer

Salet av lette fyringsoljer auka med heile 41,7 prosent til 62 millionar liter i november i år i høve til i november i fjor. I tillegg har sal av fyringsparafin og tung fyringsolje vist stor auke i denne perioden. I høve til oktober var det også auke i salet av desse fyringsprodukta.

 Sal av tungolje, lette fyringsoljer og fyringsparafin. 1960-2000

Årsaka til auken i november kjem av lågt sal i november 2000. Høge oljeprisar, låg elpris samt mild temperatur for hausten 2000 medverka til lågt sal av fyringsoljer og fyringsparafin. For hausten 2001 er derimot salet nesten tilbake på 1999-nivå, i tråd med faktum at oljeprisen viser nedgang og at elprisen aukar.

Salet av fyringsoljer og fyringsparafin for dei siste 12 månadane er derimot framleis lågt. For tung fyringsolje er det no fyrst sia i vår at salet har kome seg opp. For lette fyringsoljer og fyringsparafin varierar salet mykje frå månad til månad, her er også temperaturen viktig årsak til endringane i salet.

Tung fyringsolje nyttast fyrst og fremst av industrien og av skip i utanriks sjøfart. Sal til industrien avhenger mest av pris på olja og på elkraft. Samanhengen mellom sal og temperatur er mindre fordi energien nyttast ikkje berre til oppvarming, men også til produksjon. Men industrien kan lettare skifte energikjelde i høve til andre kjøpargrupper, til dømes ved bruk av fyringskjelar som kan bruke både fyringsoljer og elkraft.

Sal av fyringsoljer 1960 til 2000

Salet av fyringsoljer auka fram til rundt oljekrisa i 1973, etter 1973 har salet gått nedover avbrott av nokre få oppgangstider. Sett i lys av auken i totalt energiforbruk i perioden, er nedgangen enda sterkare kva gjeld del av totalt energiforbruk. Til dømes har totalt energiforbruk auka med rundt 60 prosent frå 1970 til 2000 medan sal av lette og tunge fyringsoljer samt fyringsparafin gjekk ned med rundt 73 prosent, det vil seie at delen av totalt energiforbruk som kjem frå fyringsoljene gjekk ned frå 36 til 6 prosent frå 1970 til 2000.

Samla sal av petroleumsprodukt

Det vart selt 800 millionar liter petroleumsprodukt i november, som var 9,0 prosent meir enn i november i fjor. For dei siste 12 månadene utgjorde salet 9 330 millionar liter, same som for førre 12-månadersperiode.

Det var 22 utkøyringsdagar i november i år som i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB