25511
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
25511
Salet av bensin og diesel aukar
statistikk
2001-11-20T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktoktober 2001, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Salet av bensin og diesel aukar

Salet av bilbensin og autodiesel auka kraftig i oktober i år i høve til oktober i fjor. Diesel auka med 14,4 prosent til 190 millionar liter og bilbensin med 8,4 prosent til 195 millionar liter. For 95 oktan bilbensin var auken 11,0 prosent.

For dei siste 12 månadene har salet auka med respektive 1,1 og 3,0 prosent for bilbensin og autodiesel. På fylkesnivå varierer endringane i salet av autodiesel stort denne perioden, med heile 14,6 prosent auke i Troms og 5,5 prosent nedgang i Hedmark.

Jetdrivstoff og marine gassoljer

Sal av jetparafin var 19,6 prosent lågare i oktober i år i høve til oktober i fjor, og utgjorde 57 millionar liter. For dei siste 12 månadene har salet vist 1,1 prosent nedgang. Sal av marine gassoljer auka i oktober med 15,2 prosent medan salet viste nedgang i 12-månadersperioden med 5,3 prosent. Sal til skip i utanriks sjøfart utgjorde om lag ein fjerdedel og viste same tendens med auke i oktober og nedgang for dei siste 12 månadene.

Fyringsprodukt

Sal av fyringsparafin og lette fyringsoljer auka kraftig i oktober, medan salet for dei siste 12 månadene var lågare enn førre 12-månadersperiode. Tung fyringsolje viste svak auke i salet i oktober og nedgang for dei siste 12 månadene. Men det innanlandske salet av tung fyringsolje har auka kraftig både i oktober og i dei siste 12 månadene, spesielt sal til industri, bergverk, kraftforsyning og olje- og gassindustrien. Derimot har sal av tungolje til utanriks sjøfart vist stor nedgang, og dette salet utgjer over halvparten av salet av tung fyringsolje.

Samla sal

Det vart selt 838 millionar liter petroleumsprodukt i oktober, som var 9,1 prosent meir enn i oktober i fjor og 12,9 prosent meir enn i september. For dei siste 12 månadene utgjorde salet 9 264 millionar liter, noko som var 1,4 prosent lågare enn for førre 12-månadersperiode. Størst nedgang i totalsalet i denne perioden var det i Hordaland. Her gjekk salet ned med 11,0 prosent, medan salet auka mest i Finnmark med 10,4 prosent.

Det var 23 utkøyringsdagar i oktober i år mot 22 i oktober i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB