25513
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
25513
Auka sal av tung fyringsolje
statistikk
2001-10-18T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktseptember 2001, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av tung fyringsolje

Sal av tunge fyringsoljer auka med 18,2 prosent i september. Det er spesielt sal av tungolje med lågt svovelinnhald til industrien som aukar. Det auka salet kjem truleg av auken i el-prisen den siste tida.

For dei siste 12 månadene var nedgangen på 7,9 prosent av sal av tung fyringsolje. Sal til skip i utanriks sjøfart gjekk ned 11,8 prosent.

Nedgang i sal av bilbensin

Samla sal av bilbensin utgjorde 2 233 millionar liter for dei siste 12 månadene. Dette var ein liten auke på 0,3 prosent i høve til siste 12-månadersperiode. Salet i september gjekk attende 4,4 prosent i høve til september i fjor. Samla sal av autodiesel gjekk opp 1,5 prosent for dei siste 12 månadene i høve til førre 12-månadersperiode, medan salet viste nedgang på 2,6 prosent i september.

Sal av fyringsprodukt gjekk ned

Sal av lette fyringsoljer og fyringsparafin gjekk ned med respektive 8,4 og 12,8 prosent i siste 12-månadersperiode. For september var nedgangen på 10,7 og 28,2 prosent. For lette fyringsoljer var nedgangen størst i Sogn og Fjordane med 37,5 prosent nedgang dei siste 12 månadene. Sal av fyringsparafin gjekk mest tilbake i Finnmark med 31,1 prosent.

Samla sal

Det vart selt 742 millionar liter petroleumsprodukt i september, som var 3,8 prosent mindre enn i september i fjor. For dei siste 12 månadene utgjorde salet 9 193 millionar liter, noe som var 2,8 prosent lågare enn for førre 12-månadersperiode.

Det var 20 utkøyringsdagar i september i år mot 21 i september i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB