25515_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
25515
Auka sal av autodiesel
statistikk
2001-09-20T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffaugust 2001, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av autodiesel

Det vart selt meir autodiesel i august i år enn i august i fjor. Auken var på 5,3 prosent for samla sal av autodiesel og på 5,7 prosent for avgiftspliktig diesel. Sal av bilbensin viste også ein auke, 2,4 prosent.

For dei siste 12 månadene auka salet av autodiesel med 1,8 prosent i høve til førre 12-månadersperiode.

Svak auke i salet av bilbensin

Samla sal av bilbensin utgjorde 2 241 millionar liter for dei siste 12 månadene, som var ein svak auke på 0,4 prosent i høve til førre 12-månadersperiode. Sal av 98 oktan bilbensin går sterkt tilbake; for dei siste 12 månadene var det ein nedgang på 17,2 prosent, medan sal av 95 oktan bilbensin gjekk opp 5,0 prosent.

Sal av fyringsoljer gjekk ned

Sal av lette fyringsoljer og fyringsparafin gjekk ned med respektive 7,1 og 9,0 prosent i siste 12-månadersperiode. For august var det 0,9 prosent auke i salet av lette fyringsoljer i høve til august i fjor, medan fyringsparafin gjekk tilbake 4,6 prosent.

Andre petroleumsprodukt: Nedgang siste 12 månader

Sal av marine gassoljer har vist nedgang både i august og for dei siste 12 månadene. Sal av tung fyringsolje viste kraftig auke i august, spesielt salet til industrien, medan det for dei siste 12 månadene var ein nedgang. Sal av jetdrivstoff viste same trend, med auke i august, men nedgang i siste 12-månadersperiode.

Samla sal: 886 millionar liter

Det vart selt 886 millionar liter petroleumsprodukt i august, som var 3,8 prosent meir enn i august i fjor. For dei siste 12 månadene utgjorde salet 9 207 millionar liter, som var 3,2 prosent lågare enn for førre 12-månadersperiode.

Det var 23 utkøyringsdagar i august i år som i fjor.

Tabeller: