25517_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
25517
Auka sal av petroleumsprodukt
statistikk
2001-08-20T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffjuli 2001, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av petroleumsprodukt

Samla sal av petroleumsprodukt utgjorde 809 millionar liter i juli, som var 7,0 prosent meir enn i juli i fjor. Det var spesielt sal av bilbensin og autodiesel som medverka til auken.

Årsaka til auken var mest truleg avgiftskutt frå 1. juli på bensin og diesel. Sal av bilbensin og autodiesel viste tilsvarande lågt sal i juni, noko som tyder på at lager hos forhandlarar vart tømt før 1. juli for å bli fylt opp etter 1. juli. Sal av bilbensin i juli var 10,7 prosent høgare enn i juli 2000, og sal av autodiesel auka med 14,7 prosent.

Siste 12 månader

Det vart selt 9 180 millionar liter petroleumsprodukt siste 12 månader, som var ein nedgang på 3,2 prosent i høve til førre 12-månadersperiode. Sal av bilbensin gjekk opp 0,4 prosent og autodiesel med 1,7 prosent i denne perioden. Av anna sal ser vi nedgang i både sal av lette fyringsoljer, fyringsparafin og marine gassoljer for dei siste 12 månader.

Jetdrivstoff

Sal av jetdrivstoff har vist nedgang både i juli og for dei siste 12 månader. For juli var nedgangen 10,7 prosent og utgjorde 66 millionar liter. For dei siste 12 månader var nedgangen 8,0 prosent. Jetdrivstoff er her det same som jetparafin.

Tungolje

Sal av tunge fyringsoljer utgjorde 64 millionar liter i juli, som var 18,6 prosent meir enn i juli i fjor. Sal for dei siste 12 månader derimot gjekk ned 14,9 prosent. Det var spesielt innalands sal som viste størst auke i juli, medan sal til utanriks sjøtransport viste svak auke. For 12-månadersperioden var det stor nedgang i både innalands sal og i sal til utanriks sjøfart.

Samla sal fordelt på fylker

For dei siste 12 månader ser vi størst endring i salet i Finnmark, Rogaland og Akershus med respektive 11,1, 9,5 og 8,2 prosent nedgang. Oslo har hatt størst auke, 8,0 prosent.

Det var 22 utkøyringsdagar i juli i år mot 21 i fjor.

Tabeller: