25519
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
25519
Lågare sal av bilbensin
statistikk
2001-07-19T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktjuni 2001, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare sal av bilbensin

Sal av bilbensin utgjorde i juni 190 millionar liter, som var 5,9 prosent mindre enn i juni i fjor. Sal av autodiesel gjekk ned med 5,5 prosent til 159 millionar liter. Sal av avgiftspliktig autodiesel synte ein nedgang på 4,4 prosent.

For dei siste seks månadene var det ein oppgang i salet av bilbensin og autodiesel i forhold til dei første seks månadene i 2000. For bilbensin var auken på 2,3 prosent og for autodiesel 6,8 prosent. Salet av den avgiftspliktige dieselen gjekk opp 7,3 prosent.

Samla sal ned 5,5 prosent

Samla sal av petroleumsprodukt viste ein nedgang på 5,5 prosent i juni, medan salet auka med 1,6 prosent for dei første seks månadene. For juni gjekk salet ned for dei fleste petroleumsprodukt utanom lette fyringsoljer og fyringsparafin. Dette salet var respektive 3,1 og 3,0 prosent høgare enn i juni i fjor.

Sal til utanriks sjøfart: 91 millionar liter

Sal til utanriks sjøfart var på 91 millionar liter i juni. Av dette utgjorde tunge fyringsoljer 32 millionar liter og marine gassoljer 57 millionar liter. Sal av tunge fyringsoljer synte ein nedgang på 21,6 prosent, medan sal av marine gassoljer gjekk opp 19,6 prosent. For siste halvår var det ein auke på 4,1 prosent for marine gassoljer og ein nedgang på 19,6 prosent for tunge fyringsoljer.

Sal til industri, bergverk, kraftforsyning, olje- og gassutvinning

Sal til denne kjøpargruppa viste ein nedgang på 15,8 prosent i juni og utgjorde 100 millionar liter, for dei siste seks månadene var nedgangen på 2,6 prosent. For juni var det spesielt sal av fyringsoljer (tunge og lette) som gjekk mest ned, medan sal av kondensert petroleumsgass (LPG) synte ein auke på heile 34,6 prosent og utgjorde 18,9 millionar liter.

Siste 12-månadersperiode: 4,1 prosent lågare sal

Det vart selt 9 127 millionar liter petroleumsprodukt dei siste 12 månadene, 4,1 prosent mindre enn i førre 12-månadersperiode. Dei fleste produkta viste nedgang i salet i denne perioden. Størst reduksjon var det i salet av tunge fyringsoljer som gjekk ned med 15,3 prosent. Sal av autodiesel hadde derimot ein svak auke på 0,3 prosent.

Det var 20 utkøyringsdagar i juni i år som i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB