25521
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
25521
Auka sal av fyringsprodukt
statistikk
2001-06-21T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktmai 2001, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av fyringsprodukt

Sal av lette fyringsoljer og fyringsparafin var respektive 10,2 og 25,7 prosent høgare i mai i år enn i mai i fjor. Dette kan ha samanheng med oppgangen i el-prisane og lågt sal i mai i 2000. For dei siste 12 månadene var det derimot nedgang i salet med respektive 9,5 og 12,2 prosent.

Auka dieselsal i Møre og Romsdal og i Oslo

Salet av autodiesel utgjorde i mai 169 millioner liter, og var uendra i høve til mai i fjor. For dei siste 12 månadene gjekk salet opp 0,5 prosent. Sal av avgiftspliktig autodiesel auka med 0,9 prosent for mai og med 2,2 prosent for dei siste 12 månadene. Sal av autodiesel fordelt på fylke viste ein auke på 11,4 prosent for Møre og Romsdal og 11,2 prosent for Oslo for siste 12 månader. For mai var auken på respektive 20,0 og 7,3 prosent. Størst nedgang siste 12 månader var det i Nordland med 7,2 prosent.

Sal av tunge fyringsoljer

Sal av tunge fyringsoljer auka med 15,9 prosent i mai medan sal for siste 12 månader viste nedgang på 12,0 prosent. Nedgangen i sal til kjemisk industri, 44,0 prosent, var spesielt stor.

Samla sal

Totalt sal av petroleumsprodukt for siste 12 månader var 9 173 millionar liter. Det var 4,3 prosent lågare enn i førre 12-månadersperiode. I mai var salet 788 millionar liter, noko som var ein auke på 2,1 prosent i høve til mai 2000.

Det var 20 utkøyringsdagar i april i år mot 21 i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB