25523_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
25523
Redusert sal av marine gassoljer
statistikk
2001-05-22T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffapril 2001, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av marine gassoljer

Sal av marine gassoljer utgjorde 163 millionar liter i april. Det var 5,1 prosent lågare enn i april i fjor. For siste 12 månader utgjorde salet 1 989 millionar liter, som var ein tilbakegang på 7,2 prosent frå førre 12-månadersperiode.

Marine gassoljer til skip i utanriks sjøfart viste auke i salet i april med 15,1 prosent medan det for siste 12 månader gjekk tilbake 1,7 prosent.

Auka sal av autodiesel

Autodiesel viste ein relativt kraftig auke i salet i april. Det vart selt 140 millionar liter, og det var 7,9 prosent meir enn i april i fjor. Omtrent tre fjerdelar av salet var avgiftspliktig diesel, og dette salet gjekk opp med heile 9,1 prosent frå april i fjor. For siste 12 månader var det auke på 1,5 prosent i samla sal av autodiesel. Sal av bilbensin auka med 3,5 prosent til 180 millionar liter i april. For siste 12 månader gjekk salet ned med 0,6 prosent.

Sal av fyringsprodukt

Sal av lette fyringsoljer auka med 2,3 prosent i april medan salet vart redusert med 11,8 prosent for siste 12 månader. Fyringsparafin viste nedgang i salet både i april og for siste 12 månader, med respektive 29,8 og 14,5 prosent.

Samla sal

Totalt sal av petroleumsprodukt for siste 12 månader var 9 157 millionar liter. Det var 4,8 prosent lågare enn i førre 12-månadersperiode. I april var salet 713 millionar liter, noko som var ein auke på 2,8 prosent i høve til april 2000.

Sal fordelt etter fylke, siste 12 månader

Samla sal av petroleumsprodukt auka mest i Oslo, med 15,8 prosent, medan det var størst nedgang i salet i Akershus, med 16,0 prosent. Sal av bilbensin, siste 12 månader, viste mindre endringar og varierte mellom 3,2 prosent oppgang (Telemark) og 5,5 prosent nedgang (Troms). Endring i salet av autodiesel varierte mellom 6,9 prosent nedgang (Nordland) og 12,6 prosent auke (Oslo).

Sal fordelt etter kjøpargruppe, siste 12 månader

Nedgangen i salet for siste 12 månader gjaldt for bortimot alle næringar. Transport som stod for nesten 60 prosent av salet, gjekk ned 3,4 prosent. Her var det spesielt marin transport, med sal av marine gassoljer og tung fyringsolje, som bidrog til nedgangen. Sal av bilbensin og autodiesel til transport viste respektive 0,8 prosent nedgang og 2,9 prosent auke. Sal til industri (inkludert bergverk, kraftforsyning, olje- og gassutvinning), jordbruk/skogbruk og fiske/fangst vart redusert med respektive 10,0, 4,8 og 2,9 prosent. Anna sal vart redusert med 5,6 prosent.

Det var 18 utkøyringsdagar i april i år mot 17 i fjor.

Tabeller: