25525_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
25525
Auka sal av petroleum 1. kvartal
statistikk
2001-04-24T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffmars 2001, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av petroleum 1. kvartal

Sal av petroleumsprodukt gjekk opp med 3,7 prosent 1. kvartal i år frå 1. kvartal i fjor. Samla sal utgjorde 2 289 millionar liter. Det var spesielt sal av bilbensin og autodiesel som bidrog til auken i denne perioden.

Sal av bilbensin og autodiesel utgjorde om lag 45 prosent av samla sal for dei tre første månadene, og viste ein auke på respektive 6,7 og 13,9 prosent i denne perioden. I mars var salet av autodiesel på 170 millionar liter. Det var 3,6 prosent meir enn i mars i fjor. Sal av bilbensin i mars i år, som i fjor, var på 185 millionar liter.

Sal av fyringsprodukt

Sal av lette fyringsoljer og fyringsparafin utgjorde respektive 213 og 51 millionar liter for 1. kvartal. Det var 9,3 og 4,5 prosent meir enn i same periode i fjor. Samla sal av tung fyringsolje viste 12,1 prosent nedgang. Sal til utanriks sjøfart gjekk ned med 23,5 prosent, medan sal til industrien gjekk opp med 12,5 prosent.

Nedgang i sal av jetdrivstoff og marine gassoljer

Marine gassoljer, som er eit mellomdestillat til marint bruk, viste nedgang i salet i 1. kvartal. Samla sal vart redusert med 4,9 prosent, medan sal til utanriks sjøfart vart redusert med heile 9,4 prosent. Sal av jetdrivstoff utgjorde 179 millionar liter i denne perioden. Det var 2,2 prosent nedgang frå same periode i fjor.

Siste 12-månadersperiode

Totalt sal av petroleumsprodukt for siste 12 månader var 9 137 millionar liter. Det var 5,5 prosent lågare enn i førre 12-månadersperiode. Sal av bilbensin gjekk tilbake 0,8 prosent medan sal av autodiesel viste svak auke på 0,5 prosent i denne perioden. Sal av lette fyringsoljer og fyringsparafin vart redusert med respektive 13,2 og 15,0 prosent. Sal av marine gassoljer, tunge fyringsoljer og jetdrivstoff viste nedgang i salet også i denne perioden.

Det var 22 utkøyringsdagar i mars i år mot 23 i fjor.

Tabeller: