25529
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
25529
Høgt petroleumssal i januar
statistikk
2001-02-20T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsproduktjanuar 2001, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Høgt petroleumssal i januar

Det vart selt 751 millionar liter petroleumsprodukt i januar, 12,6 prosent meir enn i januar i fjor. Det var spesielt bilbensin og autodiesel som trakk salstalet opp.

Auken i salet var venta på grunn av avgiftsreduksjon frå nyttår. Forhandlarar av bilbensin og autodiesel reduserte mest truleg lageret for "dyr" bilbensin og autodiesel før nyttår, for så å kjøpe inn avgiftsredusert over nyttår.

Sal av bilbensin utgjorde 181 millionar liter i januar, 22,2 prosent meir enn i januar 2000. Salet i januar er generelt lågt i høve til andre månader, men for januar 2001 var salet høgt. Autodiesel viste auke i salet på heile 38,7 prosent til 170 millionar liter. For siste 12-månadersperiode har salet av bilbensin og autodiesel blitt redusert med respektive 1,6 og 0,8 prosent.

Fyringsprodukt

Sal av lette fyringsoljer og fyringsparafin viste auke i januar i år mot januar i fjor. Det vart selt 19 millionar liter fyringsparafin og 65 millionar liter lette fyringsoljer, ein auke på respektive 14,3 og 6,8 prosent frå januar i fjor. For siste 12 månader har dette salet vist nedgang på 18,8 og 22,8 prosent.

Marine gassoljer, tung fyringsolje og jetdrivstoff

Det vart selt 149 millionar liter marine gassoljer i januar. Det var 1,6 prosent auke frå januar i fjor. Sal av tung fyringsolje utgjorde 46 millionar liter og viste 11,5 prosent nedgang. Av salet gjekk 41 millionar liter marine gassoljer og 26 millionar liter tung fyringsolje til skip i utanriks sjøfart. For siste 12 månader var det nedgang på 6,8 og 16,7 prosent i samla sal av marine gassoljer og tung fyringsolje.

Sal av jetdrivstoff vart redusert med 2,6 prosent i januar til 60 millionar liter. For siste 12-månadersperiode viste salet ein nedgang på 13,9 prosent.

Samla sal av petroleumsprodukt siste 12 månader vart redusert med 7,3 prosent frå førre 12-månedersperiode, til 9 139 millionar liter. Størst nedgang i salet var det i Finnmark og Akershus med ein reduksjon på over 22 prosent, medan salet i Oslo viste ein oppgang på 12,7 prosent i denne perioden.

Det var 22 utkøyringsdagar i januar i år mot 21 i fjor.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB