7631
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7631
Høg kraftproduksjon
statistikk
2005-06-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi og industri, Energi, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetapril 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Høg kraftproduksjon

Etter to år med lågare kraftproduksjon enn normalt har produksjonen av elektrisk kraft vore relativt høg hittil i år. I april var kraftproduksjonen 10 809 GWh, som er ein auke på heile 36,6 prosent frå april i fjor. Produksjonen i perioden januar-april i år var heile 23,1 prosent høgare enn i same periode i fjor og nesten like høg som i rekordåret 2000.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i april. 1979-2005. GWh

Kraftproduksjonen i perioden januar-april i 2000 var rekordhøge 51 414 GWh, mens det hittil i år er produsert 51 225 GWh elektrisk kraft. Fyllingsgraden i vassmagasina var i slutten av april i år (veke 17) imidlertid lågare enn normalt, med 31,6 prosent av total magasinkapasitet, mens fyllingsgraden for veke 17 i 2000 var heile 40,5 prosent. Medianen for veke 17 i perioden 1990-2003 er 37,5 prosent.

Høgast kraftproduksjon i Hordaland

Kraftproduksjonen i april var høgast i Hordaland med 1 783 GWh. Også i siste tolvmånadersperiode har kraftproduksjonen vore høgast i Hordaland med 15 370 GWh, mens kraftproduksjon i Nordland var nest høgast med 14 450 GWh.

I april i år var nettoeksporten (eksport minus import) av elektrisk kraft frå Noreg 597 GWh. Hittil i år er nettoeksporten 4 008 GWh, mens det i same periode i fjor var nettoimport på 3 961 GWh.

Bruttoforbruk av elektrisk kraft var i april i år 10 212 GWh, mens forbruket hittil i år er 47 218 GWh. Det er høvesvis 6,2 og 3,6 prosent høgare enn i fjor. Forbruket i april er det tredje høgaste som er registrert for denne månaden. Kraftintensiv industri bidreg mykje til det relativt høge kraftforbruket.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. 1997-2005. GWh

Høgt forbruk i kraftintensiv industri

Kraftforbruket i kraftintensiv var 2 871 GWh i april. Det er 6,3 prosent høgare enn i april i 2004, og det høgaste som er registrert for denne månaden. Forbruket innanfor produksjon av aluminium og anna metall var i april i år 1 877 GWh, mens kraftforbruket innanfor produksjon av jern, stål og ferrolegeringar var 530 GWh. Innanfor produksjonen av kjemiske råvarer var forbruket av elektrisk kraft 465 GWh.

Sjå også Vannmagasinenes fyllingsgrad og Priser på elektrisk kraft

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB