7663_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7663
Låg produksjon og høg straumimport
statistikk
2004-02-12T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetdesember 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Låg produksjon og høg straumimport

Produksjonen av straum i Noreg var låg gjennom heile fjoråret. For å dekkje opp straumunderskotet blei det difor importert mykje straum. Netto import av straum var 7 874 GWh i 2003.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i desember. 1979-2003. GWh

Det har vore netto import i nesten alle månadene i 2003, og ikkje sia 1996 har Noreg importert så mykje straum som i desember. Det blei importert 1 424 GWh og eksportert 253 GWh. For heile 2003 importerte Noreg 13 463 GWh og eksporterte 5 589 GWh. I 2002 var importen derimot 5 329 GWh, medan eksporten var 15 002 GWh. Variasjonen mellom netto import og eksport har samanheng med svingingar i produksjonen. Sjølv om produsentane har høve til lagre noko vatn i magasina når det er overskot, vil produksjonen likevel variere noko frå år til år. I eit år med normale nedbørsmengder tilsvarer nedbøren eit produksjonspotensial på 118 TWh. I 2003 var total produksjonen 107 267 GWh, medan han var 130 601 GWh i 2002. Ved inngangen til 2003 var fyllingsgraden i vassmagasina mykje lågare enn normalt etter ein kald haust med lite nedbør. Sjølv om Noreg fekk 110 prosent av normalen med nedbør i 2003 var underskotet i kraftbalansen ved inngangen til 2003 ei medverkande årsak til den låge produksjonen.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. 1997-2003. GWh

Lågt forbruk i fjor

Bruttoforbruket var 115 141 GWh i 2003, - ein nedgang på 4,8 prosent samanlikna med 2002. Det låge forbruket i 2003 kan forklarast av høg straumpris og varmare vêr enn normalt. Temperaturen var 1,3 grader over normalen i 2003, og året var det sjette varmaste sidan målingar starta i 1867. Varmt vêr reduserer etterspørselen etter straum til oppvarming gjennom store delar av året. Gjennomsnittleg straumpris i engrosmarknaden var 29 øre/KWh i 2003 og resulterte i høge sluttbrukarprisar. I 2002 og 2001 var engrosprisen høvesvis 20,1 og 18,6 øre/KWh. Den høge straumprisen i 2003 gav insentiv om å redusere straumforbruket. I desember 2003 var bruttoforbruket 11 707 GWh, - ein nedgang på 5,5 prosent samanlikna med desember 2002.

Sjå også Vannmagasinenes fyllingsgrad og Priser på elektrisk kraft

Tabeller: