7665_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7665
Liten produksjon og lågt forbruk av straum
statistikk
2004-01-09T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetnovember 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Liten produksjon og lågt forbruk av straum

Ikkje sia 1996 har det i ein novembermånad blitt produsert og brukt så lite straum som i november 2003. Mildt ver var med på å dempe forbruket av straum, medan lite vatn i magasina og forventning om høgare pris utover vinteren medverka til liten produksjon.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i november. 1979-2003. GWh

Bruttoforbruket av straum var 10 665 GWh i november, som var ein nedgang på 10,7 prosent frå 2002. Gjennomsnittleg forbruk i november dei siste fem åra har vore 11 187 GWh. Det låge forbruket kan forklarast med at månadstemperaturen for heile landet var 2,6 grader høgare enn normalt, samt at forbrukarane dels bruker andre energikjelder som følgje av høg straumpris. Forbruket utanom kraftintensiv industri blei redusert med 15,6 prosent frå 2002, medan kraftintensiv industri auka forbruket med 8,7 prosent. Produksjonen av straum var 9 953 GWh - 17 prosent mindre enn i 2002. Fyllingsgraden i Noregs vassmagasin var i midten av november (veke 46) 67,0 prosent av total kapasitet, medan normalen er 87,7 prosent. Nesten all produksjon av kraft i Noreg er vasskraft, og derfor vil låg magasinfylling vere med på å redusere tilbodet av straum frå Noregs produsentar. I tillegg var prisen for levering av straum seinare på vinteren langt høgare enn straumprisen i november. Produsentane kan derfor ha halde igjen noko produksjon til seinare på vinteren. Det vart netto import straum i november; eksporten var på 347 GWh og importen 1 060 GWh.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. 1997-2003. GWh

Betring i kraftmarknaden

Gjennomsnittleg straumpris i engrosmarknaden på den nordiske elbørsen Nord Pool auka frå 28,9 øre/kWh i oktober til 29,7 øre/kWh i november. Fyllingsgraden i vassmagasina blir redusert mykje om vinteren som følgje av mindre tilsig, samtidig som behovet for oppvarming aukar forbruket. Desember blei mykje meir våt og mild enn normalt. Nedbøren var 170 prosent av normalen for landet og temperaturen var to grader høgare enn normalen. I midten av november var fyllingsgraden 20,7 prosentpoeng under medianen basert på perioden 1990-2000, medan den ved inngangen til 2004 (veke 1) var 16,5 prosentpoeng under medianen. Den positive utviklinga i kraftbalansen bidrog til at den gjennomsnittlege straumprisen sokk til 25,6 øre/kWh i desember. Samtidig sokk prisen på framtidig levering av straum kraftig. Prisen på framtidig levering av straum for perioden januar-april var på det høgaste i november over 40 øre/kWh, medan den ved årsskiftet var 26 øre/kWh.

Sjå også Vannmagasinenes fyllingsgrad og Priser på elektrisk kraft .

Tabeller: